Mitt liv som Fretex ansatt.
I slutten på Juli 2007 fekk eg beskjed om at eg skulle begynna på Fretex. Dette var noko eg såg fram til då eg hadde gått arbeidslaus ei stund.
La meg no nett sei at eg veit at Fretex er ei attførings bedrift, og at dette gjer at det ikkje er ein A4 arbeidsplass. Men tinga eg no kjem til og nevna høyrer ikkje heime på nokon arbeidsplass.
Allerede første dagen ana eg at noko var på gang. Eg spurde ein som jobbar der om han kunne hjelpa meg med nokon kasser som sto høgt oppe. Ja da kunne han fordi han var større enn meg oventil men ikkje nedentil. Eg blei litt paff og måtte tenka meg om litt, før eg fortsatte med mitt. Det tok ikkje mange dagane før eg fekk høyra litt om denne karen. Han hadde vist vore ufin i kjeften overfor damene, ja ja tenkte eg og fortsatte med mitt.
Tida gjekk og spenningen innad auka, enkelte tok seg times lange lunsjer, for så og gå på do i ein halvtime. Utan at sjefen reagerte, dette veit eg fordi dette fortsatte utover våren. For eksempel gav eg han eine beskjed om at når han var ferdig med lunsjen skulle han overta kassa. Då hadde han hatt lunsj i 25 minutt, 20 minutt seinare kjem han ut går på do og blir der i ein halv time. Ein smule arrogant spør du meg. Ikkje det at eg meiner at folk ikkje gå på toalettet. Men når dei tek med seg Donald blader inn der blir det litt vel heimakoselegt. Ein av kundane som lånte toalettet flirte når han kom ut og sa det var heimakoselegt der. Då eg lurte på ka han meinte svara han at han og hadde lesestoff på doen heima.
Eg blei trua av ein av kundane. Sjefen ville ikkje rapportera dette vidare i systemet fordi eg måtte skilja mellom jobb og fritid.
Min jobb i butikken er og ta meg av bøkene.
Fretex hater bøker.
Alle bøker som ikke blir solgt blir dumpet i makulerings kverna. Bøker som er over 200 år gamle har eg vore vitne til har gått til makulering. Eg er ganske interesert i bøker og syns lite om slikt, og no prøver sjefen og tvinga meg til og gjera slikt.
Eg har nett vore sjukemeldt i to månader. Det heile starta med 2 vekers sjukemelding. Og andre veka starta det heile. Då rydda sjefen opp i hyllene som eg hadde brukt 3 månader på og fylla opp. Sjefen gadd ikkje og ta ein telefon til meg før oppryddinga starta. Resultatet var at ein del ting som eg hadde lagt til sides for å bruka til utstilling vart kverna opp. I lag med gamle lærebøker frå 20 tallet blant anna. Så vart sjukemeldinga forlenga og då rydda sjefen ut ein gong til. Alle bøker som hadde stått for lenge i følge sjefen vart makulert. Inkludert bøker som var 200 år gamle. Det som gjer at eg reagerer på dette er fordi rett før eg vart sjukemeld, satt sjefen og skraut over kor flink eg var med bøkene. Når då sjefen gjer slik som det der mens eg er vekk. Oppfattar eg det som at eg ikkje har gjort ein god nok jobb sidan det blir så mykje bøker som blir fjerna.
Så no vurderer eg og sei opp på dagen. Slik oppførsel frå ein sjef finn eg meg ikkje i. Og i morgo skal eg snakka med sjefen og sei mi meining. Viss sjefen står på sitt får sjefen beskjed om at då får sjefen ta seg av bokavdelinga sjølv. Og blir det meir bråk går eg ut døra og sluttar på dagen.
